Oppfinnershow
Erik Alfred Tesaker, kjend frå TV, er ein av Noregs mest kreative og nyskapande oppfinnarar. Han har fått nasjonal merksemd for sine imponerande idear og løysingar, og no kjem han på besøk hos oss.
Bli med på ei inspirerande økt der Erik deler sine erfaringar og gir oss eit unikt innblikk i korleis han tenkjer og skapar.

Major Parkinson
Dette Bergen-baserte bandet med røter frå Odda har sidan 2004 utfordra sjangergrenser med sitt eksperimentelle og stemningsfulle lydbilete. Med innslag av alt frå mørk gotisk rock til skjøre balladar, har Major Parkinson ein lyd som er både tidlaus og heilt sin eigen. Forvent alt frå kraftige, gitar-drevne parti til atmosfæriske, drøymande sekvenser. Takka vera den særegne røysta til vokalist Jon Ivar Kollbotn og bandet si evne til å balansera det grandiose med det intime, vert det skapt ein lyd som trekker deg inn og ikkje slepp taket.

Makalaust
Eit energisk band frå Etne som spelar ein unik miks av country, rock og pop med eit drivande lydbilete og gjenkjennelegetekstar. Med røtene sine djupt planta i den vestnorske tradisjonen, leverer dei musikk som både rører og får folk til å danse. Bandet er kjent for sine sjølvskrivne låtar og ei livleg sceneoppleving som garantert vil engasjere publikum. Gjer deg klar for ein uforgløymeleg konsertoppleving med Makalaust.

Det sårbare livet
En musikalsk forestilling som berører
Ambulerende sjømannsprest Leif Magne Helgesen, tidligere Svalbardprest, inviterer til en vandring i det sårbare livet. Me lev i ein verden med store utfordringer. Det nære og det globale hand i hand.
Forestillingen gir ein smak av livet med glimt fra nord og sør.
Sammen med musikerne Hans-Gunnar Skreslett og Owe Håstø, fører presten oss inn i eit landskap som me kan kjenne oss igjen i.
.jpg)
Prinsessa med Eventyrboka
Teaterforestillingen om Prinsessa som er lei av at eventyra alltid skal handle om Askeladden, så når fortellaren kjem for å fortelje eventyr; knabbar ho med seg eventyrboka hans, og drar ut på sitt heilt eige eventyr. I teaterførestillinga «Prinsessa medEventyrboka» møter me både heks og troll, ein konge og kanskje nokon fleire. Ei førestilling fylt med song, spenning og humor. Passar for barn (og barnligevoksne) frå 3 år.
Manus og musikk:Mathias Høyland. Skodespelerar: Carmen Finsal og Mathias Høyland

Beskjering av frukttre
Ønskjer du å lære korleis du beskjærer frukttrær, for å fremma sunn vekst og rikeleg med frukt? Bli med på Etne Hagelag sitt kurs i beskjering av frukttrær, ved Åsmund Vae. Dette kurset finn de i ein hage i Sørheimsvegen 75.

Selma Lagerlöf "Sanger fra Skogen"
Ein teaterforestilling som tar utgangspunkt i den svenske forfattaren Selma Lagerlöf, og dei meir ukjende sidene av henne. Selma Lagerlöf vart fødd i 1858 i Värmland og var den første kvinna i verda som mottok Nobelprisen innan litteratur. Hun var og godseigar med 30 tilsette på garden, noko som var uvanleg på hennar tid. Gården og Värmland var hennar store lidenskap i livet, noko som kjem tydeleg fram i litteraturen. Selma var ein pioner innan mange områder, og her vert nokon av desse sidene løfta fram.
.jpg)
Kunstutstilling Torhild Inger Børretzen
Torild Inger Børretzen har gjennom åra utvikla ein særegen stil som fangar både det vakre og det usynlege i menneskelege kjensler og naturens mangfald. Arbeida hennar har vore stilt ut på fleire galleri og kunstmesser, og ho har fått stor anerkjenning for sin unike evne til å kombinere fargar, teksturar og kjensler på ein uforgløymeleg måte.
Torhild har alltid hatt ei djup fascinasjon for naturen og det indre livet, og dette går igjen i mange av verka hennar. Ho er kjent for si utforsking av abstrakte former og symbolikk, og kunsten hennar inviterer betraktarane til å reflektere over både det som er synleg og usynleg. Børretzen er fødd og oppvaksen i Etne.
I denne utstillinga vil du få eit innblikk i Torhild Inger Børretzens fascinerande verd – frå levande abstraksjonar til stille, melankolske landskap. Verka hennar utfordrar auget og sinnet, og skapar ei emosjonell reise gjennom både fargar, former og teksturar.

Mathias Sandanger
Mathias Sandanger flytta til Etne i 2013 og gjekk på Enge skule. Nå har han spelt piano i 8 år, og går tredje året på Kongshaug Musikkgymnas. Der spelar han mykje gospel og jazz, til mellom anna skulen sine årlege konsertar.

Marius Fedje
Marius Fedje er gitarist, og student ved Norges Musikkhøgskule i Oslo. Han er oppvaksen i Etne og gjekk på kulturskulen der i mange år, kor han var innom både rytmisk, og klassisk gitar. I dag held han seg helst til den klassiske gitaren, med eit repertoar som kan spenne seg over fleire århundre. På kulturnatt leverer han ein konsert i kyrkja kor han konsentrerer seg mest om gitarmusikken fra første halvdel av 1800-talet.

Silas Tøtlandsmo
17-åringen Silas Tøtlandsmo er eit stort L okalt talent oppvaksen i Etne. Går no på vidaregåande på Lundeneset. Har spesialisert seg på boogiepiano med gode blues-vibber, så dette blir ein konsert med trøkk.

Utdeling av Kultur - og frivilligpris
Ver med når ordføraren og andre heidrar vinnarane av Etne kommune sin Kultur - og frivillighetspris, Berit Rafdal og Kåre Rafdal
Den høgtidelige overrekkinga skjer i foajeen kl. 1230 og er etterfulgt av tradisjonsrikt innslag ved Etne musikklag og Etne skulekorps.


Foredrag med Hilde Kalleklev og Anne Britt Grindheim
Budeia Hilde Kalleklev Håland og fagteknikar i lokal matkultur Anne-Britt Grindheim formidlar tankar, og verdien rundt Norsk matproduksjon.
- Norsk matsikkerheit
- Sjølvforsyning
- Stølskulturen
- Jordvern
- Immateriell kulturarv
- Verdsarvlista - Unesco
.jpeg)
Den siste Ostemaker - Bitten & Gamalosten
"I en tid hvor håndbåren kunnskap og kulturarv står under press, er Den Siste Ostemaker et håpefullt møte med Bitten, gamalosttradisjonen og nærhet til naturen. Kanskje norsk tradisjonsmat har noe å lære oss om bærekraftig matproduksjon – og om selve livet? Dette er en film fra Norsk Gardsost, produsert av Heia Folk, om budeia Bitten Brennhovd på Grøtestølen i Hemsedal, og hennes tradisjonelle produksjon av gamalost gjennom sommeren."

På kloss & tvers
Kjetil Espeland, har ein stor lidenskap for lego. Han kjem til årets kulturnatt, med legoklossar og har med seg ei lita utstilling til inspirasjon for store og små legobyggarar.

Trommelars
Lars Kolstad er best kjent som Trommelars, han stiller på kulturnatt med trommene og rytmeinstrumenta sine.
Det vert påmelding utanfor klasserommet.
Klokkeslett
11.30-1200, 12.30-1300, 13.30-1400

Musikk på mange strengar
Tittelen på konserten kan tolkast på mange måtar. Reint konkret skapar dei musikken på strengeinstrument. Stemmebanda er jo også «strenger», så song er også ein del av programmet. Tonane spelar på mange kjensler frå det sarte til det lystige, og humor og glede er viktige element i musikkvalget.
Musikken er henta frå ein lang tidsperiode. Her kjem gamle og nye viser, glimt av folkeleg musikk frå fleire land – Norsk, irsk og amerikansk for å nemna nokre. Programmet vil nok falla i smak hos dei som har levd ei stund.
Musikarar: Lena Husebø og Alise Jonassen - fiolin, Jan Husebø - song, gitar, kontrabass
Me ønskjer vel møtt til konsert på Etne omsorgssenter kl. 16.

Storsalen
Med eit tilbakeblikk og ein smak av norske tradisjonar møter ein kulturen - om det som eingong var og slik den er i dag.
Tradisjonsbakst med bakstekoner som tryllar fram potetkaker og pannekaker.
Norske tradisjonelle «retro» kaker og Ukrainske kaker og kaffi for sal.
Borddekking med nostalgi og retro - stil. Vintage. Gjenbruk og vøling. Bruktbua.
Bunadsutstillinga – «Eg ber min Etnebunad med stoltheit og glede» - ein handverkstradisjon og ei rik kulturarv frå Etne. Ein del av UNESCOs immaterielle kulturarv. Utstillinga viser dame, mann og barne bunad. Brodering av kvitsaum. Bregdaband.
Bunaden med røter tilbake til 1800-talet, som Etne Bondekvinnelag tok fram frå gløymselen og fekk fram i lyset og produksjon igjen tidleg på 50-talet. Aktive og ivrige damer brukte mykje tid og ressursar på dette arbeidet. Etne Husmorlag stod for vidareformidlinga og skipa til mellom anna bunadskurs kvar haust med Brita Nygård som instruktør år etter år. Eit kurs og ein tradisjon ein burde ta opp att?
Representantar frå Etne Husflidslag deltok på landsmøte i Norges Husflidslag på Fagernes i oktober 2021, der søknaden til Unesco og verdsarvlista vart utforma og seinare sendt vidare. På husflid.no står det å lese om storhendinga rundt norske tradisjonar og bunadbruken;
